Roma – midt imot

Toppane i internasjonal klimapolitikk har kanonisert pave Frans i levande live. Dei underslår kor radikal bodskapen hans faktisk er.

Artikkelen sto på trykk i Dag og Tid 3. juli 2015.

Førre veke sendte Vatikanet ut ein 184 sider lang encyklika – eit paveleg rundskriv – om miljøvern. Inspirert av sin namnebror frå Assisi skriv pave Frans om ansvaret vi har for skaparverket, i eit språk som fekk avisa Washington Post til å omtale han som «dels lyrikar, dels politisk nerd».

Sjølv om brevet frå pave Frans handlar om miljø i uvanleg vid meining, vart bodskapen hans snart plassert inn i ein relativt smal klimapolitisk samanheng. Toppane i internasjonal klimapolitikk var raskt ute med å utrope paven til ein slags levande helgen for klimasaken, og å gjere den nye encyklikaen til eit religiøst fundert argument for ein ny internasjonal klimaavtale på det kommande FN-toppmøtet i Paris i desember.

Lord Stern, økonomen bak den kjente Stern-rapporten om kva klimaendringane vil koste, hylla paven sin «visdom og leiarskap» i klimaspørsmålet. Og FNs klimasjef Christiana Figueres slo fast: «Ved sidan av det økonomiske imperativet, er det moralske imperativet no med på fjerne all tvil om at vi må gjere noko med klimaendringane.» Leiarfigurar som Al Gore, Ban Ki-Moon og ei rad miljøministrar kom med liknande reaksjonar.

Spørsmålet er om dei har lese kva pave Frans faktisk skriv. For bodskapen hans er langt ifrå nokon rund og ufarleg oppmoding om å «gjere noko med klimaendringane». Her finst krass kritikk av fossilindustrien og oljeselskapas politiske makt. Her finst krav om at den rike delen av verda betaler attende den klimagjeldgjelda dei står i til fattigare land. Og her finst ikkje minst eit oppgjer med dagens økonomiske system, som paven peiker ut som grunnleggande årsak både til miljøproblem og sosial naud.

Det er lite truleg at Figueres, som administrerer FN sitt system for kvotehandel, utan vidare sluttar seg til pavens klare fordømming av klimakvoter. Eller at Stern, kjent for å rekne ut kva politiske klimatiltak som vil vere samfunnsøkonomisk optimale, eigentleg støttar Frans sitt oppgjer med «det teknokratiske paradigmet» som han meiner bidrar til miljøproblema.

Å møte den djuptgåande og detaljerte analysen til pave Frans med klapp på skuldra og rosande ord om sterkt engasjement, er å nedvurdere den ståstaden biskopen av Roma snakkar frå. Hans moralske imperativ er ikkje eit argument som Figueres kan plassere på lista si på linje med argumentet om at utsleppskutt vil vere «bra for business». Det er heller ei påminning om at miljøproblema vi står overfor også må diskuterast på eit meir grunnleggande plan enn kost/nytte-analysar.

I ei tid da sjølv presumptivt radikale miljøorganisasjonar vel å grunngi sine synspunkt med reknestykke over naturkapital og økosystemtenester, kan det vere nyttig å bli minna på akkurat det.